Babits Mihály: Kanskje syndfloden (Talán a vízözön… Norvég nyelven)
Talán a vízözön… (Magyar)Irtóztató telünk volt az idén, Koppanva estek le a madarak Bölcs koldusok a szeméttelepen S a legborzasztóbb hogy már a tavaszt sem S titkos vérszomjunk mégis ezt kívánja! Igen, tedd ezt, ha tán nem akarod, Megengednéd-e, hogy gyermekeink Akkor inkább a vízözön! Talán 1940 eleje
|
Kanskje syndfloden (Norvég)Vi hadde vonde tider her i vinter, som om naturen ville vise verda at den har alle sine krefter enn og krev vår age og vårt djupe alvor: den kan bli like hard som mannehjarta.
Småfuglar fall frå trea, stive, frosne, og dådyr-tåra klirra hardt mot jorda, dei ville dyra våga seg til gards. Å, mange var dei liv som gjekk til grunne i bygd og by, i desse øydetider.
Det hende at ein tiggar sov i grøfta og fraus i hel, nedgraven under søppel. Sjølv herremannen i sin varme pels var stiv av frost på open gate eller i røykfylt stove, tett ved kakkelomnen.
Det verste er at ikkje eingong tanken på våren gir oss glede. Den vi alltid såg fram til før. Vi går i otta for at våren vil gi fleire sår enn blomar, at angen av jasmin er døyvd av liklukt.
Og likevel, vår løynde blodtørst lengtar! Ivied nervene i høgspenn, lik ein tapar i spel... Å, Herre, fell din høge dom, la isen smelte i dei store elvar, send enn ein gong ein syndflod over jorda!
Ja, la det skje, om du er lite villig og held det for uverdig når vi vonar at fred og rettferd sigrar her til sist: du overlet oss i tyrannars hender — ein tilstand verre enn den verste vinter.
Men vil du at barnebarna våre blir fanga av ei ny og farleg lære og ikkje lenger veit dei rette namn på det vi ennå held for dyrt og heilag, det som dei gav sitt liv for, våre fedrar.
Da vil vi heller ha ein syndflod! Kanskje ei ark skal atter vogge over vatnet: To frie menneske, og tamme dyr, den strenge elefanten, mjuke kattar, små rare ekorn, duvande kamelar.
|